Lange flate ballær

Film · 2006 · · 27. desember 2006
2/5

I følge Filmguiden ligg Lange flate ballær an til å komme ut av 2006 med sigrande besøkstal på kinofronten. Filmen fekk mykje oppstyr i media på grunn av alle kjendisane som dukka opp, blant anna José Mourinho og Ari Behn, og dette hjelp vel utvilsamt på den vanlege nordmannen, som blir fora opp med sladder i VG og Dagbladet.

Filmen handlar om fotball, ein sport eg ikkje har brydd meg om på nokon år, men som eg ikkje har noko problem med å følge med på. Ein supportergjeng set kursen mot Tyskland når Noreg kjem seg vidare frå gruppespelet i VM. Denne gjengen består av amatørskodespelarar som kan seiast å vere gjennomsnittlege nordmenn.

Amatørpreget er noko filmen tar med seg heile vegen, og lufta går litt ut av ballen i enkelte forsøk på å gjere noko brått. Men Lange flate ballær er god på å få fram det norske, og formidle ei historie om ein samla gjeng med fotballinteresserte bilmekanikarar. Han er faktisk morosam, om eg gav inntrykk om det motsette, og er ein svært så folkeleg film.

IMDb-logo
Lange flate ballær 2006 plakat - Filmdagbok