L'arrivée d'un train à La Ciotat

L’ Arrivée d’un train à La Ciotat var med på den første kinoframsyninga til brørne Lumière i 1895 og viser eit komande tog som stoppar på stasjonen og slepp folk av og på.

Halvparten av folka framfor kamera skal visstnok ha vore slektningar av Lumière. Myta skal ha det til at folk rømte kinosalen då toget kom mot dei på lerretet, men dette er mest sannsynleg tullball. Ingen politirapport viser til dette, og politiet var til stades som dørvakter på større arrangement på den tida.

L'arrivée d'un train à La Ciotat 1896 plakat - Filmdagbok