Las Vegas

Serie
2003–2008
3/5

For nokon år sidan såg eg dei fire første sesongane av Las Vegas. Det var grei underhaldning. Enkelt og innimellom irriterande dumt, men med ein grei humor. Ikkje den mest originale serien eg hadde sett, men god nok underhaldning. Så eg heldt fram serien, etter at første sesong leverte ei sterk sesongavslutting, ei av dei beste eg har sett.

Andre sesong heldt fram på same måte, og hadde ei eksplosiv sesongavslutting du skal leite lenge etter, med mange opne endar. Tredje sesong var allereie i gang på tv når eg heldt på med andre sesong, så eg visste at serien nok kom til å løyse det meste.

Las Vegas var aldri meir for meg enn eit kvilepunkt blant alle seriane eg såg. Ein serie som eg helst fråtsa i over korte periodar. Episodane er enkle, ofte humoristiske historier, og er ikkje redd for å gå over linja mot det urealistiske. Her er det også snakk om lettkledde damer, pengar, produktplassering og kjente gjester som spelar seg sjølv. Spørsmålet er då kvifor denne serien var verdt å sjå.

Eg hinta til svaret innleiingsvis, men må også innrømme at eg rett og slett blei hekta ettersom eg hadde heile første og andre sesong liggande. Så eg måtte halde fram. Når eg hadde sett tredje sesong derimot, må eg innrømme at eg sat igjen med kjensla av å ha kasta bort tid. Iallfall halvparten av tida, for tredje sesong gjekk enda lengre med altfor mykje fan service, til og med for Las Vegas å vere.

Skulle eg skal sjå fjerde sesong når han kom? Eg hadde ikkje svaret då, men når tida kom klarte eg ikkje la vere.

Las Vegas legg mest vekt på å fortelja historier i enkeltepisodar. Berre små trådar strekk seg gjennom fleire episodar. Det er eit enkelt opplegg, som i grunn kan vere ei god avveksling frå dei meir omfattande seriane. Men som serieskapar bør du ikkje undervurdere det du har, og bør unngå å gjere konseptet for drygt.

Etter fire sesongar med folk som prøvde å jukse i kasinoet, kjente namn på gjestelista, forsøk på ran og dramatiske skyteepisodar i blant, var toppen av tullet nådd for lengst. Det blir merka på fleire måtar. Fjerde sesong var kortare enn vanleg, og sjølv om serien blei fornya skulle James Caan og Nikki Cox forlate staben.

For det vart ein femte sesong. Eg hadde ikkje trua på at det var meir å hente, sjølv om sesongavsluttinga til fjerde sesong mildt sagt var eksplosiv og spennande episode. For med James Caan ute av bilde mista serien eit kvalitetsalibi blant ein middels skodespelarstab, som James Caan var med å trekke opp på eit akseptabelt nivå.

Så skjedde det eit hopp i tid. Seks år etter eg så dei fire første sesongane såg femte sesong, den siste sesongen. Som før var det enkelt og innimellom irriterande, men også morosamt. Komedien var vel ein av grunnane til at eg såg Las Vegas. Serien hadde likevel mindre gåande for seg enn eg hugsa, og eg sit ikkje igjen med noko etter å ha sett femte sesong. Problemet er først og fremst at ting har var slått seg til ro. Dramaet verkar obligatorisk, og forsøket på å skape spenning også. Meir enn tidlegare, trass i den alltid episodiske oppbygginga til serien.

Totalt sett har vel Las Vegas gitt grei underhaldning, men at det var verdt tida vil eg ikkje påstå.

Las Vegas 2003-2008 plakat - Filmdagbok

Publisert

24. mars 2013 av

Skapar

Gary Scott Thompson

Skodespelarar

Josh Duhamel, James Lesure, Vanessa Marcil, Molly Sims (I), James Caan (I), Nikki Cox (I), Mitch Longley, Marsha Thomason, Cheryl Ladd, Tom SelleckVis alle 1450 skodespelarar

Sjangrar

Krim, Drama

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Las Vegas