Last Christmas

Film / 2019
4/5

Den første julefilmen eg har sett på kino i 2019 har vore Last Christmas. Filmen handlar om Kate, spelt av Emilia Clarke, som lev eit dag for dag-aktig liv.

Me lærer gradvis at Kate har ein sjukdomshistorikk som pregar kvardagen hennar. Samtidig har ho eit forhold til familien sin som er litt anstrengt.

Kate jobbar i ein butikk som sel julepynt året rundt. Det kunne ha vore ein fare for at det blei for mykje julepynt, men som heilskap så tykkjer eg at Last Christmas klarar å levere på julestemninga. Det blir som om filmen er pakka inn og avgrensa til seg og sitt, og både har ei varm og litt rørande historie.

Eg skal ikkje gå for mykje inn på handlinga. Men eg kan nemne at Kate møter ein mann. Og trass i den uforpliktande levestilen hennar, så vil det utvikle seg kjensler.

Eg ser mange julefilmar i løpet av november og desember, men det har blitt til at mange av dei er laga for tv eller straumetenester. Og få av dei har den same kvaliteten som ein kinofilm. Det blir merka på Last Christmas at det både er budsjett til eit godt lydsport, gode lokasjonar og at det er jobba og brukt tid både med manus og på kulissene.

Alt i alt hadde eg ei god oppleving med å sjå denne filmen på kino, og set filmen på lista som ein av dei gode julefilmane i år.

Last Christmas 2019 plakat - Filmdagbok