Last Stop for Paul

Film · 2006 · · 12. august 2012
4/5

Forarbeidet mitt før eg ser filmar er ikkje alltid grundig. Last Stop for Paul var ein av dei listefilmane eg over ser utan å stille spørsmål ved. Filmen var på ei liste over reisefilmar.

Dette er ein handhalde kameraproduksjon på lågt budsjett der protagonisten også er regissør, manusforfattar og produsent. Det er ingen filmmannskap bortsett frå kameramannen, og det er ingen skodespelarar. Alle folka me møter er ekte menneske som filmskaparen Neil Mandt har fått til å sei ting på film.

Trass i å vere laga på denne måten så er Last Stop for Paul ein god film som fungerer godt. Han fangar det som er bra ved å reise og ved å vere spontan ute på tur. Folka, maten og problema.

Last Stop for Paul 2006 plakat - Filmdagbok