Lat sau san taam

Film · 1992 · · 14. april 2014
3/5

Lat sau san taam, eller Hard Boiled, er ein Hongkong-film av John Woo med Yun-Fat Chow i hovudrolla. I lag med Yun-Fat Chow spelar Tony Chiu Wai Leung en stor rolle.

Lat sau san taam overgår mange filmar, både før og etter, i skytescener. Og det er som actionfilm først og fremst at dette fungerer. Yun-Fat Chow er politimannen som er på sporet i ei etterforsking, men blir stoppa av sjefen, men held fram likevel. Filmen involverer noko greier om politi som jobbar på innsida av ein kriminell organisasjon.

Opplevinga mi av filmen er nok prega av at eg ikkje følgde med så nøye heile tida, og dermed ikkje fekk med meg alle detaljane. Inntrykket mitt er likevel at filmen ikkje når opp til den tilsvarande Hongkong-filmen Mou gaan dou, som har ei historie som byggjer delvis på det same premissen om ein politimann under dekke som ingen veit om.

Utover desse to kommentarane har eg mindre å sei om Lat sau san taam. Filmen er utvilsamt vanvittig rå innimellom, men når eg aldri får den rette motivasjonen til å følge karakterane, samtidig som eg veit at filmen fortel ei kurant historie basert på desse, så mistar eg nok litt for mykje av gleda.

Det beste eg kan gjere er å verken avskrive eller skryte over filmen. Bortsett frå actionscenene, dei kan eg skryte av.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Lat sau san taam 1992 plakat - Filmdagbok