L'auberge espagnole

Film · 2002 · · 24. juni 2012
4/5

L'auberge espagnole er ein fransk og spansk film.

Det er ein film som på flott vis viser korleis det er å reise til utlandet som ung og møte menneske frå heile verda og skape nye vennskap. Eg har sjølv aldri hatt noko utveksling, men har vore backpacker og kjenner meg igjen i noko av poenga til filmen.

Me følger ein fransk student som drar til Barcelona på utveksling. Han er noko firkanta, men må fort ta innover seg at han ikkje kan vere prippen på noko som helst måte med sine nye romkameratar og venner.

I grunn er dette ein film om både vennskap og kjærleik. Det er berre det at situasjonen og omgivnaden er så forbaska inspirerande, at eg straks har lyst å reise.

Filmen har også fått ein oppfølgjar, Les poupées russes, som eg har tenkt å sjå. Og det går rykte om ein tredje oppfølgjar. Uansett kor gode desse måtte vere og bli, så har eg veldig stor sans for filmar som hentar opp igjen ein tråd mange år etter, for å vise korleis liva til karakterane utarta seg.

L'auberge espagnole er ein avgrensa affære frå ein kort tidsperiode i livet til unge personar, og me veit at dette er noko av magien, at det vil ta slutt.

Også kjent som The Spanish Apartment.

L'auberge espagnole 2002 plakat - Filmdagbok