Laura

Film · 1944 · · 22. august 2006
4/5

Mitt førre møte med film noir var for over sju månader siden. Og gangen før der var det Chinatown i mars 2004 som eg kjem på å ha sett. Samanlikningsgrunnlaget er difor rimeleg dårleg.

Filmen opnar med at det har skjedd eit brutalt drap i leilegheita til Laura Hunt, ein kjent person innan reklamebransjen. Laura har blitt skoten med eit haglgevær i ansiktet, og etter kvart kjem politietterforskar Mark McPherson inn i saka for å finne mordaren.

Historia bak Laura sit ry i dei flottare krinsane ligg i kjennskapen og vennskapen med spaltisten Waldo Lydecker, ein middelaldrande og sær mann. Historia om korleis dei blei kjente blir fortalt over lunsj mellom McPherson og Lydecker, og trengs ikkje å bli gått nærare inn på her. I tillegg dukkar Shelby Carpenter opp, som Lydecker nyleg har fått vite at skal gifte seg med Laura. Ei heller kjedeleg oppdaging for han sin del.

Det byrjar å bli eit par namn inne i bilde, og eit par ekstra kjem i tillegg. Det blir servert fleire bitar av historier og sladder i form av tilbakeblikk med forteljarstemme og samtalar som gjer at eg kan mistenke fleire for drapet. Og så eg kan trekke linjer her og der kan leike etterforskar sjølv. Vel du dermed å følge ukonsentrert med på filmen, noko eg reknar med den vesle omgangskrinsen til Filmdagbok ikkje gjer, så blir dette berre slitsamt. Slitsamt synest ikkje eg det er, men heller spennande og interessant. Det kribla faktisk litt i magen til tider, stemninga og lyssettinga er til å ta på.

Eg søkte etter film noir, fann Laura, og såg han. Skal eg trekke ned på ein ting så er det dei stive og kunstige rollepersonane, men det går igjen i dei fleste eldre filmar som eg har sett. Det skal vere med i historia at det på den tida var eit mykje sterkare skilje mellom front stage og back stage, korleis dei oppførte seg ute blant folk og heime åleine. Og her i filmen er det dessutan viktig for rollepersonane å vere høflege og å halde maska. Så i grunn klagar eg ikkje på denne åtferda. Heller ikkje på dei litt kunstige samtalesituasjonane som oppstår. Eg tar det som ein viktig del ved filmen. Eg la heller ikkje spesielt merke til dette undervegs, så det var ingenting som plaga meg.

Laura 1944 plakat - Filmdagbok