Layer Cake

Film · 2004 · · 21. oktober 2009
3/5

Start med det positive. Layer Cake er for det meste eit oppgulp av den liksomsmarte forteljarstilen som har prega ein uhøgtideleg narkosjanger dei siste åra. Gangen i handlinga er enkel, men blir omstrukturert og det dukkar opp eit par unødvendige karakterar.

Så kvifor 3/5? Eg let meg rive med, trass i overflatiske svakheiter er dette eigentleg eit interessant følge av karakteren til Daniel Craig, som ufrivillig blir pressa opp i eit hjørne, som blir lurt sjølv om han er smart, men som held seg innanfor ei ramme det går an å ta for realistisk nok. Men eg vil tvilsamt hugse Layer Cake lenge.

Layer Cake 2004 plakat - Filmdagbok