Lbs.

Film · 2004 · · 17. mars 2013
4/5

Neil veg nærare 140 kg. På grunn av sine usunne matvanar får han i relativt ung alder eit hjarteinfarkt. Likevel er det problematisk for han å legge om livsstilen. Difor reiser han ut av New York til ein aude plass for å bli i form.

Lbs. er litt som ei underdog-forteljing, men unngår å bli for enkel. Det Neil strir med blir formidla med respekt for problemet. Dette gir filmen eit preg av realisme, samtidig som filmen held på ei klassisk oppbygging med påskjøning.

Carmine Famiglietti som spelar Neil gjer ei god rolle og er viktig for at filmen lykkast.

Lbs. 2004 plakat - Filmdagbok