Le déshabillage impossible

Film · 1900 · · 17. april 2021
3/5

Med Le déshabillage impossible har Georges Méliès laga ein to minuttar kortfilm om ein mann som prøver å gå til sengs. Men det er lettare sagt enn gjort. I det mannen har teke av seg hatten, jakka og buksa, så er ein ny hatt og ei ny jakke på plass på kroppen hans.

Slik held mannen på gjennom heile filmen, og tempoet går fortare og fortare heile tiden. Det er enkelt, men tilogmed som ein sketsj så er det ein ide eg ikkje har sett før, så dette var ein morosam sak å vitne.

Filmen heiter Going To Bed Under Difficulties på engelsk.

IMDb-logo
Le déshabillage impossible 1900 plakat - Filmdagbok