Le fabuleux destin d'Amélie Poulain

Film · 2001 · · 24. mars 2009
5/5

Det franske meisterverket Le fabuleux destin d'Amélie Poulain av Jean-Pierre Jeunet er ein film eg har sett mange gonger, og som aldri vert dårlegare.

Mine ord vil knapt stå som gode nok når eg skal få fram kvaliteten her. Men eg gir det eit forsøk.

Me er i Paris og nærare bestemt i Montmartre. Dette er den romantiserande versjonen av bydelen av Jean-Pierre Jeunet, som har blitt pynta på og reinska opp, og framstår som eit idealbilde på eit flott Paris.

Amelie er ei søt, uskyldig og litt naiv ung kvinne. Med sine påfunn prøver ho å styre livet til folka rundt seg, og spesielt i å rette opp i det ho meiner er feil, utan at dei veit om det. Som sin heimekjære far som ho meiner må komme seg ut på reise. Frå han stel ho ein hagenisse, som ho ber ein kjent ta bilde av og sende postkort frå verda rundt.

Le fabuleux destin d'Amélie Poulain er ein romantisk film. Her har ikkje Amelie same kontrollen, og dette gir historia eit mindre planlagt preg, med tanke på resten av livet til Amelie sett frå hennar side.

Filmen er også ein hyllest til detaljar. Både i korleis ulike deler av handlinga heng i lag, men også i det visuelle. Og på tvers av desse. Det er ein fryd å følge med på.

IMDb-logo
Le fabuleux destin d'Amélie Poulain 2001 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Audrey TautouMathieu KassovitzRufusVis alle

Sjangrar