Le Guide de la famille parfaite

Film · 2021 · · 15. juli 2021
3/5

Le Guide de la famille parfaite eller Hvordan få den perfekte familien er eit kanadisk drama, og litt komedie.

Det handlar om feil som foreldre kan gjere når det gjeld barna sine. Som å bruke dei på sosiale medier eller presse dei til å bli noko dei ikkje vil.

Eg forventa nok litt meir komedie enn dette var, og blei litt skuffa på grunn av det. Elles er også tonen til filmen rar, som om han ikkje veit heilt kva han skal vere av drama eller komedie, eller korleis samspelet her skal vere.

Trass i at ikkje alt heng på greip i totalen, er filmen også innom mange interessante poeng og har stunder som byr på god film. Men minneverdig er det ikkje.

Les også meldingar på readysteadycut.com (engelsk) og www.thereviewgeek.com (engelsk).
IMDb-logo
Le Guide de la famille parfaite 2021 plakat - Filmdagbok