Le rêve du radjah ou La forêt enchantée

Film · 1900 · · 16. april 2021
3/5

Franskmannen Georges Méliès laga mange kortfilmar mot slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Denne saken på to og eit halvt minutt handlar om ein rajah og draumen hans.

Det er ein film som kan skilte med ei samanhengande og effektiv fortalt historie, med tanke på lengda. I hovudsak skjer det heile på to filmsett, innandørs hjå rajahen og utandørs.

I det han sovnar byrjar han å drøyme om store sommarfuglar, levande tre og etter kvart om ei dansande gruppe lettkledde damer. Men det utviklar seg fort til å bli eit mareritt.

Filmen tek i bruk røykeffektar, og klypp med bråovergongar for å vise at personar og tinga i draumen dukkar opp av ingenting.

Til å vere ein så kort sak så er dette passe underhaldande. Det gir meg ikkje så mykje til ettertanke, men er som med andre filmar frå denne tida eit interessant innblikk i tidleg filmproduksjon.

Den engelske tittelen er The Rajahs's Dream.

IMDb-logo
Le rêve du radjah ou La forêt enchantée 1900 plakat - Filmdagbok