Le voyage dans la lune

Film · 1902 · · 4. februar 2009
3/5

Denne over 100 år gamle filmen har framleis sin sjarm og si enkle spenning.

Det handlar om ein gjeng menn som reiser til månen. Dei blir skotne i ei svær kule, og landar trygt på overflata til månen. Der møter dei på månemenn som fangar dei.

Filmen er i underkant av 15 minuttar lang og har nok størst verdi som kuriositet og historisk film enn noko anna. Men eg vil ikkje snakke vekk det faktum at filmen også er eit tidleg innblikk og ein kurant utføring av ein fantastifull science fiction-film.

Så det er altså fleire grunnar til å sjå denne. Både som filmhistorie og som underhaldning.

Filmen er også kjent som A Trip to the Moon.

IMDb-logo
Le voyage dans la lune 1902 plakat - Filmdagbok