L'éclipse du soleil en pleine lune

Film · 1907 · · 17. april 2021
3/5

Ein professor i astronomi foreles for studentane sine om ei kommande solformørking. Når klokka slår tolv, og formørkinga skjerm, så spring dei alle med teleskopa sine mot vindauge, for å vitne sola og månen sin samankomst

Sola og månen har menneskelege ansikt, som med sterke uttrykk viser at dei ventar på å møtes. I det dei har møtt, byrjar også mange andre fenomen å skje på himmelen. Frå synet av planetar til meteorittregn. Det skjer så mykje at professoren blir sjokkert og fell ut av vindauge.

L'éclipse du soleil en pleine lune har mykje godt for seg. Reint teknisk er det ein godt laga kortfilm på gode ti minuttar. Kvaliteten er godt bevart, og bildet på versjonen eg såg var vel så skarpt som det kan bli frå denne tida. Georges Méliès står bak, og hadde nok på dette tidspunktet laga så mange filmar at han her henta fram dei spesialeffektane han kunne, utan å overdrive ein spesiell effekt. Det gir ein heilskapleg og variert film.

Historien og måten han blir fortalt er i seg sjølv ikkje det mest spennande. Og kanskje litt kryptisk for det utrente auge. Men med musikk til så synst eg likevel flyten var passe på plass, til at eg kunne setje pris på resultatet.

Kortfilmen heiter The Eclipse, or the Courtship of the Sun and Moon på engelsk.

IMDb-logo
L'éclipse du soleil en pleine lune 1907 plakat - Filmdagbok