Legends of the Fall

Film · 1994 · · 12. mars 2007
4/5

I jakta på eit sentimentalt drama snubla eg gjennom det lange, blonde håret til Brad Pitt og tørka eit par tårer i same slengen. Dette er to timar med trist og nydeleg historie.

Anthony Hopkins var allereie i 1994 gammal nok til å få spele den aldrande løytnanten Ludlow, far til tre søner, viss tragedie på tragedie vi blir presentert for. Legends of the Fall går føre seg rundt og spesielt etter første verdskrig, der både liv blir tekne og kjærleik kjempa for.

Det kjennest kjent, med nok filmmusikk til å fylle hjarte til ein mann. Store og modige menn i fleng og nydeleg landskap er nokon av dei andre ingrediensane. Sånn omkring det eg var på jakt etter denne dagen altså. Men mykje av filmen går rett forbi i sin trong til å gjere alt så overdådig og sentimentalt. Her ligg filmen si svakheit. Når han har runda 80 til 90 minuttar byrjar kroppen å verke etter å røre seg, og tankane gjekk både hit og dit.

Forutan små svakheiter så kjennest dette som ein skikkeleg god film, av den typen eg vil tenke tilbake på som både pen å sjå på og som rører. Det skal han ha, trass i lite oppfinnsam oppskrift på drama.

Legends of the Fall 1994 plakat - Filmdagbok