Les combattants

Film · 2014 · · 11. oktober 2015
4/5

Som eg stadig må uttrykke kvar gong eg skriv om ein fransk film, så har eg ei ekstra interesse for dette landet på filmfronten. Eit eller anna med fransk film, gjerne lette komediar og romantiske filmar også, har det med å score høgt.

Les combattants scorar høgt. Det er ein romantisk film, ein komedie og ein film med sin eigen vri. Eg vil ikkje røpe stort meir enn at ting tar ei vending mot det dramatiske på slutten.

Fram til det usagte handlar det stort sett om Madeleine (Adèle Haenel) som er ei tøff jente med interesse for overlevingskunnskap. Og Arnaud (Kévin Azaïs) som gradvis blir meir og meir interessert i ho, etter at dei blir introdusert gjennom ein organisert slåstkamp.

Det gode med filmen er karakterane. Innleiingsvis er det eit litt kaldt og kynisk blikk på verda som Madeleine har og hennar tøffe ytre, og den litt usikre og svake personen Arnaud. Etter kvart viser dei andre sider ved seg, på rett tid og stad, som gjer dette til ei nydeleg oppleving.

Les combattants har den evna til å nå inn til kjerna i å lage karakterar som utviklar seg til å bli ekte og lett og like. Ei evne som er lik den mine andre franske favorittar klarar. Det er gjerne snakk om å vise gode sider ved folk, enkelt og greit. Ikkje skape karakterar som me må sympatisere med, tykkje synd i, eller der imperfeksjonar skal vere dyd.

Den engelske tittelen er Love at First Fight.

Les combattants 2014 plakat - Filmdagbok