Les émotifs anonymes

Film · 2010 · · 4. januar 2013
5/5

Eg ser ein del nyare fransk film om dagen, takka vera Netflix. At eg fant Les émotifs anonymes var ein av dei betre oppdagingane eg har gjort på lenge.

For å gjere ei lang historie kort, Angélique møter Jean-René, begge to har problem med å vere i lag med andre menneske. Ingen av dei veit heilt korleis dei skal oppføre seg, og dei handterer dette på ulike måtar. For dei to å komme i lag betyr katastrofe.

Eg lo både meir og høgare enn eg har gjort på lenge. Eg fekk lyst til å sjå meir av filmen mens eg allereie såg på han, fordi eg visste at filmen kom til å slutte.

Komedien er både overraskande og absurd, men likevel så hjartevarm. Og med sjokolade som midtpunktet i filmen blir det berre søtare.

Den engelske tittelen til filmen er Romantics Anonymous.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Les émotifs anonymes 2010 plakat - Filmdagbok