Les frères Sisters

To brør har fått i oppdrag å finne ein mann. I forkant har oppdragsgivaren sendt ein speidar, som skal melde frå kor mannen er. Oppdraget går så ut på å ta hand om mannen.

Les frères Sisters er ein kanadisk film med engelskspråkleg tale. I hovudrollane har me John C. Reilly og Joaquin Phoenix som brørne Sisters. Førstnemnte har eg mest sett i komediar dei siste åra. I denne mørke komedien som Les frères Sisters, briljerer han også som ein alvorleg person. Joaquin Phoenix må også nemnast, sjølv om briljeringa hans sjeldan er ei overrasking.

I andre sentrale rollar er Jake Gyllenhaal og Riz Ahmed som speidaren og mannen som blir jakta.

Les frères Sisters er innom mange gode stopp undervegs. Me får god tid til å bli kjent med karakterane, deira motivasjon, bakgrunn og sære trekk. I tillegg får me ei godt innblikk i korleis det var i USA under gullrushet. Mange små innslag som ikkje blir gjort for store poeng ut av er med på å skape ein atmosfære og komplekse omgivnader til historia. Ei god blanding av det røffe, med innslag av framtid, håp og sivilisasjon.

Ei anna sak eg sette stor pris på var måten kameraarbeidet blei gjort på. Det er utført på ein måte som framhevar det vakre og poetiske ved urørt natur i ei stund, og går over til å forsterke det brutale som kan skje i andre stunder og det brutale i karakteristikken til nokre av personane. Og likevel utan å overdrive heller.

Det er mykje bra å ta tak i frå denne filmen, og eg har berre nemnt eit par småting. Han er god både som western, mørk komedie og personskildring.

Les frères Sisters 2018 plakat - Filmdagbok