Les petits mouchoirs

Film · 2010 · · 29. juni 2011
4/5

Som ein av fleire spanskdubba filmtrailerar før eit besøk på visninga av Midnight in Paris i Madrid på sommarferie, var Les petits mouchoirs ein av dei som vekte interessa. At eg ikkje skjønte noko forsterka nok feilinntrykket mitt av filmen som ein lett og lystig fransk sommarkomedie.

I ettertid av ei alvorleg ulykke bestemmer ein vennegjeng seg for å la den skada kameraten komme seg på eiga hand i Paris, og reiser på sin årlege ferietur til vestkysten av Frankrike. Her drikk dei vin, snakkar om sex, går kvarandre på nervane og nyt sola.

Det er Max som eig feriehuset, ein stressa kontrollfrikar som nettopp har fått vite at ein av kameratane er interessert i han, og kameraten er med på turen. Marie er mindre glad i å la folk komme tett på seg. Éric er litt for glad i å feste, men er ikkje heilt der han ønsker å vere med tanke på eit fast forhold. Antoine lev i trua om at han har sjans på eks-dama, likevel om vennene for lengst har gitt opp å sei det motsette til han.

Vennegjengen består av ei handfull franske skodespelarar, som meir kjente François Cluzet og Marion Cotillard til mindre kjente, men vel så flinke folk. Det står ikkje på desse for å gjere filmen god. Det tar nok litt vel lang tid før eg kjem under huda på karakterane, og første timen verkar lang. Men filmen er to og ein halv time lang, og det er lenge nok til at me kjem tett innpå Les petits mouchoirs og får tid til å nyte det.

At dette ikkje er ein lett og lystig fransk sommarkomedie gjorde meg ingenting. Dramakomediar er gjerne betre, med alvorlege stunder som gjer komedien i andre enden ekstra velkommen. At det er meir drama enn komedie her gjorde nok at forventingane frå filmtraileren var med på å bidra til litt utolmod i byrjinga av filmen, men utfallet var eigentleg ein djupare og betre film enn eg hadde rekna med det skulle vere.

Les petits mouchoirs utmerka seg ikkje på noko spesiell måte, men er ikkje dess mindre ein film med flott skodespel og god stemning. At han er fransk gjer at han fyll på den europeiske kulturkvota, og dommen er i grunn positiv nok.

Den engelske tittelen på filmen er Little White Lies.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Les petits mouchoirs 2010 plakat - Filmdagbok