Les Triplettes de Belleville

Film · 2003 · · 15. juni 2004
4/5

Les Triplettes de Belleville er ein humoristisk teiknefilm med eit eige og karikert uttrykk. Filmen er også fri frå tale.

Filmen handlar i hovudsak om ei bestemor og eit barnebarn som trenar til Tour de France. Under sykkelrittet blir han kidnappa av mafiaen, og bestemora skal finne han igjen.

Mens barnebarnet er borte slår bestemora seg i lag med tre songarinner, Les Triplettes de Belleville, og blir ein del av deira improvisasjonsgruppe.

Filmen består av komiske innslag og kriminalitet. Blandinga gjer først og fremst at filmen skil seg ut som litt vaksen, og blir ein av dei teiknefilmane eg trygt kan anbefale av den grunn.

Les Triplettes de Belleville 2003 plakat - Filmdagbok