Les vacances de Monsieur Hulot

Film · 1953 · · 25. januar 2016
3/5

I denne første Monsieur Hulot-filmen drar den mumlande mannen på sommarferie. Livet nær stranda i lag med andre snodige karakterar byr på humreverdige stunder og god stemning. Mykje takka vera ein melodi som går igjen.

Ei lest skildring av Monsieur Hulot som inspirasjon for Mr. Bean er ei god skildring på kva dette er. Tona ned i samanlikning, og meir klønete enn utspekulert. Men like fullt ein mumlande fyr som skapar oppstyr med si utilpassa tilpassing til omgivnadene sine.

Det er ikkje mykje handling eller tale i Les vacances de Monsieur Hulot. Stort sett er det observasjonar av ting som skjer spreidd over mange dagar, og som er komiske av natur.

Om ein fransk tittel ikkje seier det så mykje, så kan eg informere om at den engelske tittelen er Monsieur Hulot's Holiday.

Les vacances de Monsieur Hulot 1953 plakat - Filmdagbok