Less Than Zero

Film · 1987 · · 20. september 2009
3/5

Basert på ein sterk roman av Bret Easton Ellis, men prega av ei dårleg overføring til film. Less Than Zero blir vanskeleg å vurdere som anna enn ein svak adapsjon, når han treng den sterke boka som ballast for i det heile å bli grei nok til å sjå seg gjennom.

På eigne bein, slik som filmar skal stå, er Less Than Zero farleg nær uinteressant, med Robert Downey Jr. i den einaste rolletolkinga over middels, og for så vidt den einaste delen av filmen som er verdt noko.

Elles er Less Than Zero knapt god eller sterk, men mest anonym i si framtoning.

Less Than Zero 1987 plakat - Filmdagbok