Leviafan

Film · 2014 · · 12. januar 2016
2/5

Eg visste ikkje kva eg skulle forvente av denne russiske filmen med den engelsk tittelen Leviathan. I forkant visst eg at filmen hadde ein Oscar-nominasjon bak seg. Men i større grad var det ei solid rangering på IMDb og ei oppsummering av handlinga som tiltrekte meg.

I ein russisk kystby blir Kolya tvinga til å kjempe mot ein korrupt ordførar, når han blir fortalt at huset skal rivast. Han får ein venn og advokat frå Moskva til å hjelpe seg, men vennen fører til meir ulykke.

Leviafan er ein grå og dyster film, der handlinga er lagt til eit slitt miljø. Naturen er vakker, men hardhjarta, og eit passande bakteppe for ei hard historie. Det startar med nok mål og meining, men utfoldar seg på tregare og tregare vis, til eg får inntrykk av at filmen stoppar opp. Ingen lyspunkt, og ingen andre poeng enn å formidle negativitet. Ikkje min type film.

Hovudproblemet mitt er likevel at dette ikkje går framover til slutt. Totaltida på 140 minuttar er dryg, og eg hadde nok vore rausare med mi eiga rangering om filmen hadde klokka inn på ein time kortare.

Har du sansen for grått og trist og meiner det er nødvendige hovudingrediensar i realistisk film, så meinar du annleis enn meg og har kanskje sansen for Leviafan.

Leviafan 2014 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Aleksey SerebryakovElena LyadovaVladimir VdovichenkovVis alle

Sjangrar