Liberal Arts

Film · 2012 · · 5. mars 2014
3/5

Andrefilmen til How I Met Your Mother-stjerna Josh Radnor er ein film om 36 år gamle Jesse, som lar nostalgien ta overhand då han besøker sitt gamle college i høve avsluttinga til ein tidlegare professor.

Eit forsøk på å finne tilbake til kjensla av å studere meiningslaus humaniora gjer at han endar opp med Zibby (Elizabeth Olsen), som studerer drama.

Liberal Arts er ei blanding av ein kjærleik for bøker, tida som ung og søkande, og det å endeleg bli vaksen. Det blir sagt ein god del tull i løpet av filmen, men eg set pris på forsøket på å ikkje presse på med ulike standpunkt.

Josh Radnor gir på eit vis karakterane i filmen sine eigne liv, og dei må sjølv ta standpunkt. Mange av dei veit ikkje betre, og det er heilt greitt at filmen formidlar realiteten om at dette er eit miljø og karakterar som lever i si eiga rare boble.

Det mest interessante i Liberal Arts er kjærleikshistoria. Å påstå at Jesse er i ei midtlivskrise er å ty til klisjeane. Rette ord vil vere at han er på søken. Og det er både underhaldning og nok friksjon til å halde det gåande i den eine og halve timen Liberal Arts varer.

IMDb-logo
Liberal Arts 2012 plakat - Filmdagbok