Licence to Kill

Film · 1989 · · 10. mars 2016
3/5

Timothy Dalton er favoritten min blant alle skodespelarane som har spelt James Bond. Han står fram for meg som ein av dei som lev seg mest inn i rolla. Han er truverdig både som kjapp i tankegangen og som ein fyr som tar risk. Som med mykje skodespel så handlar det nok om eit uttrykk i ansiktet som han formidlar.

I denne andre av dei to James Bond-filmane med Timothy Dalton går James Bond rogue i ein personleg vendetta mot eit narkokartell. Det er mykje action, og stort sett av det meir jordnære slaget samanlikna med James Bond-filmane i forkant av Timothy Dalton. Det betyr ikkje eit fråvær av ubåtar, halsbrekkande stunt og gigantiske eksplosjonar. Men heller eit fråvær av romstasjonar, kunstige øyer og liknande.

Eg har sansen for James Bond når historia vert sopass konkret som her, men samstundes har det typiske James Bond ved seg som er kryssing av landegrenser, kvinner, Q og særeigne skurkar. Det er sett i lyset av dei mest svevande James Bond-filmane dette vert bra. I seg sjølv så er ikkje dette meir enn ein habil actionfilm. Med ei speletid på over to timar vert det periodar kor eg skulle ynskje det var meir framdrift.

Sjølv om eg har ei interesse for James Bond-filmar, har eg aldri vore oppslukt. Etter mange år er eg straks gjennom alle dei offisielle James Bond-filmane. Korleis eg rangerer denne filmen er altså sett i lys av forholdet mitt til James Bond, som stort sett har vore greitt.

IMDb-logo
Licence to Kill 1989 plakat - Filmdagbok