License to Drive

Film · 1988 · · 14. mai 2009
2/5

Corey Haim skal ta sertifikatet til bil, men feilar. Likevel blir det ei natt på byen i bestefaren sin Cadillac. License to Drive består av ei rekke dumme val som skapar mykje trøbbel for hovudrolla. Det er til å irritere seg grøn over å følge ein så dustete person.

Så glimtar filmen til med flott bilkøyring og nokon hårreisande stunt, som reddar han i frå å gruse seg sjølv fullstendig. Corey Haim beviser ingenting med skodespelet sitt her, og eg er spent på kor stor bløff han eigentleg var. License to Drive har iallfall lite å komme med forutan Corey Haim og Corey Feldman i lag.

License to Drive 1988 plakat - Filmdagbok