Life As We Know It

Serie · 2004 · · 11. august 2005
3/5

Dei to siste episodane har latt vente på seg, og eg er skuffa over slutten. For det er i grunn ingen slutt, berre to ekstra episodar. Eg skal likevel ikkje klage, eg har gått i fleire månader utan å fått sett nokon slutt på serien, ettersom han blei avlyst i USA. Når dei to siste episodane tilfeldigvis dukka opp på britisk tv, så var eg berre glad til.

For å likevel kalle det slutten, sidan det ikkje er laga meir av serien, så var det ein lykkeleg slutt. Mange trådar er opne, men Dino og Jackie, Ben og Sue, dei er lykkelege. Jonathan og Deborah er venner, og det er bra. Om Jonathan og Polly er det ingen informasjon her. Dino sine foreldre kjem seg vidare med livet. Eg er ikkje hundre prosent sikkert når det gjeld faren, men det var noko i lufta med ei salsdame. Ein av tinga som ikkje det vart opplyst om, var kva Deborah fann på etter å ho hadde tenkt å flytte til Los Angeles. Men i grunn så lurte eg ikkje på det veldig lenge, for eg bryr meg ikkje stort om denne serien.

Du taper ingen ting på å unngå Life As We Know It, eller på i heile tatt å vite kva serie dette er. Einaste årsaka til at eg såg han var at eg ikkje hadde anna å finne på i perioden januar til februar.

IMDb-logo
Life As We Know It 2004 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Sean FarisJon Foster (I)Chris Lowell (I)Vis alle

Sjangrar

Land