Life

Serie · 2009 · · 11. september 2015
4/5

Life er en både fin og god dokumentarserie frå BBC. I løpet av ti episodar blir ulike livsformer på jorda presentert. Frå planter til dyr. Kvar episode tar for seg interessante historier innanfor sine tema. Gjerne unike artar med spesielle evner eller løysingar.

På ein rik måte får me over tid eit innblikk i både samansetninga og variasjonen av liv, i tillegg til at innslaga som utgjer ein episode er gode i seg sjølv.

Som med sin smått legendariske forgjengar Planet Earth, så er Life ei visuell oppleving av dei betre. Med den karakteristiske stemma til David Attenborough som ordlegg og utdjupar alt som skjer. Lærerik, observerande og fin å bruke litt tid på.

IMDb-logo
TV Time-logo
Life 2009 plakat - Filmdagbok