Lifeboat

Film · 1944 · · 17. oktober 2009
4/5

Nokon filmar utmerkar seg fordi dei har noko særeige som blir spelt mykje på frå start til slutt. Og denne spesielle blir nesten meir viktig enn handlinga i filmen når du snakkar om han, sjølv om det eigentleg er resten som er det gode.

Sånn er det med Lifeboat. Og om første avsnitt ikkje gav meining, så skal eg sette det i perspektiv. Heile handlinga på Lifeboat går føre seg i ein livbåt. Det er det spesielle ved filmen, og blir saka som du ofte startar å forklare når du snakkar om Lifeboat.

Det som eigentleg gjer Lifeboat så bra er kva som skjer i livbåten. Det er skodespelet og eit godt manus som gjer at den avgrensande plasseringa fungerer. Ikkje plasseringa i seg sjølv.

Filmen er i overkant av ein og ein halv time, har ti personar i ein livbåt, og held interessa min oppe heile tida. Essensen er nok den same som i ein moderne reality-serie, du har motsetningar av personlegdommar innanfor nokon murar på eit vis. Og det er nøydd til å oppstå konfliktar.

Lifeboat 1944 plakat - Filmdagbok