Like Crazy

Film · 2011 · · 18. mars 2012
4/5

Anna (Felicity Jones) og Jacob (Anton Yelchin) møter kvarandre, blir forelska, og blir åtskilt. Anna er frå England og er student med visum i USA. Jacob er frå USA. Da visumet til Anna går ut, blir det stormforelska paret separert.

Like Crazy er ein ny vri på ei klassisk kjærleikshistorie. Sant, heilt nytt er det ikkje. Men det er godt fortalt. Det handlar om motstanden Anna og Jacob møter for å få lov til å vere i lag. Det handlar òg om preget som tida set på dei sterke kjenslene.

Filmen rører. Han er òg forseggjort og eg set pris på forma. Det er ofte rett på sak og vidare til neste del av historia. Det er òg dveling ved enkeltepisodar. Felles er at alt er med på å fortelja ei historie og formidlar kjenslene som er så viktige for filmen. Vakkert foto og god lyd er viktig støtte.

Om det er lengda på filmen eller stemninga i filmen som går mest inn på meg er usikkert. Men mot slutten har Like Crazy vart lenge nok. Og sjølv om det betyr lite fordi eg likte filmen, så er ikkje dei siste ti minuttane min favorittdel.

IMDb-logo
Like Crazy 2011 plakat - Filmdagbok