Limitless (2011)

Film / 12. august 2011
3/5

Limitless er den type film det er vrient å skrive om. Det er lite som er dårleg nok til å gjere poeng ut av det. Det er òg få ting som er verdt å skryte av.

Det Limitless har er ein artig idé. Det finst eit narkotikum som gjer at brukaren får utnytte hundre prosent av hjernen sin, og vår protagonist i mangel på betre skildrande titlar får tak i dette.

Då protagonisten, Eddie Morra (Bradley Cooper), ikkje heilt har livet sitt på skinner i utgangspunktet går det fort oppover. Men det er for godt til å kunne vare.

Første timen er den beste. Eddie oppdagar den positive effekten, me blir vitne til ei rags to riches-historie, og mindre hyggelege menneske dukkar opp i livet hans. Men så blir det brått altfor klart at filmen ikkje har meir å spele på. Ei oppnøysting av trådane, ei løysing på problema og eit innblikk i framtida verkar meir obligatorisk enn ønskeleg. Gnisten forsvann og den artige ideen var utspela.

Men eg får meg ikkje i frå å like Limitless. Han skal bli lønna for potensiale og til dels for gjennomføringa si. Han består av fleire gode actionsekvensar og eit lite innblikk i ein menneskeleg natur som me må følge, men ikkje treng like til det fulle.

Limitless 2011 plakat - Filmdagbok

Regi

Neil Burger

Manus

Leslie Dixon, Alan Glynn

Skodespelarar

Bradley Cooper (I), Robert De Niro, Abbie Cornish, Andrew Howard, Anna Friel, Johnny Whitworth, Tomas Arana, Robert John Burke, Darren Goldstein, Ned Eisenberg

Sjangrar

Mysterium, Science fiction, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Limitless

Forfattar