Line

Film · 1961 · · 28. april 2010
4/5

Jacob (Toralv Maurstad) kjem heim etter mange år i utlandet som sjømann. Ein lege har anbefalt han å reise heim igjen, og snakke ut med faren om eit anstrengt forhold desse i mellom, som kan ha ført til at Jacob reiste til utlandet i første omgang.

Heime i Noreg prioriterer han tida annleis, han skaffar seg heller ein hybel, seier ikkje i frå at han er komme heim. Og møter også ei ung, pen jente som heter Line, før familie legg merke til at han er i Oslo. Me følger Jacob, ein person som har personlege problem, og Line, over ein sommar.

Filmen har god musikk, og er veldig god på å skape stemning. Dette og handlinga kombinert gjorde at eg følte det var eldre, fransk film eg såg. Litt som i det eg har sett av tidleg Jean-Luc Godard, er det ein person utan særleg mål og meining som driftar rundt, møter på andre unge menneske, innleiar eit forhold, og elles vankar litt rundt, som om han ikkje høyrer heime nokon spesiell stad.

Skodespelet er kanskje ikkje helt topp, men for å kunne ha glede av mange, norske filmar, bør du kunne sjå forbi litt på dette område. Det er ein annan stil, ei anna tid, og difor kan det vere annleis enn me forventar i dag. Det er nokon dialogar i filmen som er meir av typen «eg har sagt mitt, no sluttar eg å snakke fordi du skal avbryte meg», enn ein skikkeleg samtale. Men på andre område går både Toralv Maurstad og Margrete Robsahm godt inn i rollene sine, og Henki Kolstad er truverdig som ein sleip og innpåsliten hybelvert.

Line er ein god, eldre norsk film, om du er interessert i norsk film, og filmar som handlar meir om personar enn kva som skjer rundt dei.

IMDb-logo
Line 1961 plakat - Filmdagbok