Listen Up Philip

Film · 2014 · · 30. desember 2014
4/5

Listen Up Philip var ein film eg noterte meg i forbifarten, på grunn av hovudrolla til Jason Schwartzman. Han har det med å dukke opp i interessante og gjerne morosame filmar.

Eg var i utgangspunktet ikkje førebudd på noko spesielt, og sånn sett ikkje på noko over gjennomsnittleg bra. Men Listen Up Philip utmerka seg nesten umiddelbart som noko minneverdig, med si flotte blanding av tematikk, musikk, forteljarstemme, stil og rollebesetning.

Jason Schwartzman spelar ein forfattar som straks skal utgi ein ny roman. Han er ein arrogant fyr med dårlege eigenskapar i sine forhold til andre. På mange vis ein klassisk narsissist. Han utviklar et vennskap med ein eldre, suksessrik forfattar som har stengt ute dei fleste frå livet sitt, og får tips til både karriere og sjølvutvikling av denne mannen.

Ut i frå vennskap og kjennskap som blir danna i filmen blir forventingar til gangen skapt, for deretter å vise seg å vere feilaktige eller nedprioriterte. I all enkelheit held filmen seg akkurat passe frisk, men også lystig i si til dels destruktive skildring, til at han går rett heim.

Mens eg såg filmen såg eg for meg korleis ei god bok skal bli behandla for å bli ein god film. I mi oppleving er bøker typiske utgangspunkt for filmar om forfattarar. Forteljarstemma som er på plass for å fylle hola dialogen ikkje kan, behandlinga av tid som noko smått abstrakt, og andre små detaljar i historie og vektlegging av karakterane sin plass i filmen. Men Listen Up Philip har sitt opphav i eit manus av Alex Ross Perry, og er regissert av den same mannen. Og framstår som godt handverk og ein film med meining frå start til slutt.

Utan å ha sett dei to førre regisserte filmane til Alex Ross Perry, er eg likevel spent på hans framtidige prosjekt, om han får like dyktige skodespelarar å jobbe med, og same kunstnariske fridom som han tilsynelatande har hatt her.

Listen Up Philip 2014 plakat - Filmdagbok