Little Darlings

Film · 1980 · · 26. mars 2010
3/5

Ferris og Angel er to femten år gamle jenter som skal på leirskule. Og som alle femten år gamle jenter med respekt for seg sjølv, hamnar dei i konkurranse med kvarandre, om kven som klarer å miste jomfrudomen først.

Little Darlings er ingen uskyldig film, ingen moralpreik, men heller ingen American Pie. Komedie i drama er best skildrande for kva denne filmen er, då hovudvekta her ligg på å fortelja historiene til Ferris og Angel, framfor å få oss til å le. Desse blir framstilt som meir enn to pene ansikt, utan at det blir tydd til ekstraordinære livshistorier.

I all hovudsak står Little Darlings fram som ein film i harmoni med seg sjølv. Han gjer mykje godt, spesielt i å vere ein tenåringsfilm for tenåringar. I det legg eg, at denne ligg ei stykke unna type underhaldning, som mellom anna American Pie, blir for mitt vedkommande.

To ting som kan seiast på tvers av handling og underhaldning: Cynthia Nixon, kjent som Miranda i Sex and the City gjer si filmatiske debutrolle i Little Darlings. Dessutan er det Matt Dillon si andre filmrolle, men det blir liksom ikkje det heilt store å nemne.

IMDb-logo
Little Darlings 1980 plakat - Filmdagbok