Little Miss Sunshine

Film · 2006 · · 6. desember 2006
4/5

Svært så etterlengta ei stund no, etter å ikkje ha fått han med meg på kino, fekk eg endeleg sett Jonathan Dayton og Valerie Faris sin bilturfilm.

Med utgangspunkt i å ha høyrt lydsporet tallause gonger, ein draum og eingong å eige min eigen VW Bus og med Steve Carell som for tida ein av dei mest interessante skodespelarane hadde eg eit godt utgangspunkt før eg sette meg ned. Vonene var nærast skyhøge.

Familien Hoover er av den typen som ikkje fungerer så godt i lag, men som likevel fungerer. Når dottera Olive reddar seg ein plass i venleikskonkurransen Little Miss Sunshine fører omstenda til at heile familien må komme seg frå New Mexico til kysten av California i ein knapt funksjonell Volkswagen-bil. Familien inkluderer ein bestefar som har starta med heroin, ein onkel som akkurat har prøvd å ta livet av seg, ein bror som ikkje snakkar og ein far som er oppslukt i sin eigen ide om at den idealistiske måte å leve på er etter ni prinsipp.

Ta familie og biltur og legg det saman, og det heile høyrest eigentleg ikkje så spesielt ut. Men Little Miss Sunshine klarer å skape den gode stemninga som eg alltid er på jakt etter i dramakomediar. Ein måte å vere morosam på i det alvorlege og absurde, og alvorleg i det morosame på. Mykje er takka vera det fargerike karaktergalleriet på, men også situasjonane som oppstår er både lunt humoristiske og innimellom litt triste.

Musikkbruken er ikkje så stor som eg trudde han skulle bli, men det er bra, for det blir dess betre når det først blir brukt. Eg hadde aldri sett for meg at misseshowet skulle bli så skrudd, likevel om det var ganske så klart at Superfreak (remix) av Rick James høyrte til der. Eit hysterisk morosamt stykke film der altså. Med tanke på at Jonathan Dayton og Valerie Faris har fleire musikkvideoar for blant anna The Smashing Pumpkins, Red Hot Chili Peppers, R.E.M og Travis. Så er det ingen tvil om at dei får bilde til å stå i stil med musikken.

Eg storkoste meg med filmen, og fekk i grunn akkurat det eg hadde forventa meg. På eit par punkt mangla han kanskje litt gnist. Men nydeleg er han heile vegen. Med så mange sider ved filmen som spelar inn på synet mitt, så klarar eg eigentleg ikkje å gi eit objektivt syn på han, men det må vere lov.

Little Miss Sunshine 2006 plakat - Filmdagbok