Liu A-Cai yu Huang Fei-Hong

Film · 1976 · · 5. mai 2021
3/5

Shaw Brothers-filmar er ei festleg greie å setje seg ned med ein gong i blant. Dette produksjonsselskapet kom ut med over 1000 filmar frå 1925 til 2011. Deriblant mange kung fu-filmar, eller wushu.

Liu A-Cai yu Huang Fei-Hong, som har den engelske tittelen Challenge of the Masters, er ein film om kampsportlegenda Wong Fei Hung. I dette tilfelle er han spelt av Chia-Hui Liu, ein skodespelar som du kanskje har sett i Kill Bill-filmane.

Skodespelarar som Jet Li og Jackie Chan har spelt Wong Fei Hung i filmar. Men Liu A-Cai yu Huang Fei-Hong er den første store filmen om denne mannen.

Her er Wong Fei Hung ein ung mann som ikkje har lært seg kampsport endå. Han har lyst, men faren vil ikkje lære han opp. Etter at ein gammal kjenning dukkar opp og legg inn eit godt ord for han hjå kampsportmeisteren Lu Ah Tsai, får han sjansen til å lære. Lu Ah Tsai er forøvrig er ein annan kjent figur i kampsportverda.

Dette og lokalt bråk mellom kampsportskular, samt eit drap og ein konkurranse som får ut det verste i miljøet er sentrale deler av filmen. Det er ein film som startar litt trått, men gradvis blir betre. Så eg sit igjen med eit godt inntrykk til slutt. Men det finst betre Shaw Brothers-filmar med meir unike historiar og tettare involvering i livet til karakterane. Så dette blir ikkje den første filmen å anbefale.

Filmen er også kjent som Challenge of the Masters.

Les fleire meldingar på cultfaction.com og www.fareastfilms.com.
Liu A-Cai yu Huang Fei-Hong 1976 plakat - Filmdagbok