Live and Let Die

Film · 1973 · · 23. november 2011
3/5

I Live and Let Die dukka Roger Moore for første gang opp som spionen James Bond. Ei rolle han skulle spele i heile sju filmar.

Variant av James Bond med Roger Moore er noko rundare i kantane enn Sean Connery etter min meining, og ofte litt tam. Det er mogleg det var tidsperioden og filmane som prega karakteren hans, men ingen av filmane med Roger Moore i er blant mine favorittar. For nokon er hans filmar dei typiske James Bond-filmane, og sånn sett har eg nok meir sansen for dei mindre James Bond-aktige av filmane.

Live and Let Die handlar om reisa til James Bond til New Orleans i jakta på kven som har drepe ei rekke britiske agentar. Her møter han mange rare folk, kor Solitaire spelt av Jane Seymour kanskje har den mest sentrale rolla som skurk.

Det er ein fungerande og variert film, kor det største minuset er mangelen på spenning og lengda på to timer. Hadde desse to delene vore gode, så hadde dei mange rike inntrykka i resten av filmen vore gull.

IMDb-logo
Live and Let Die 1973 plakat - Filmdagbok