Live Free or Die

Film · 2006 · · 30. juli 2007
2/5

John Rudgate (Aaron Stanford) er ei legende for alle dei kriminelle handlingane han har gjort i heimbyen sin. Rykta skal ha det til at han har drepe ein mann. Men desse rykta har han planta sjølv.

På utkik etter partnarar han kan tene pengar med, vert Rudgate foreint på nytt med Special Eid Lagrand (Paul Schneider), ein kjent ein frå barndomen av. Som namnet tilseier er ikkje Eid direkte normal. Med han på eine sida og wannabe hardkriminell Rudgate på den andre er det lagt opp til ei rekkje uheldige handlingar, idiotiske løysingar og opplagte forviklingar som er utgangspunktet for komedien Live Free or Die.

Live Free or Die er i motsetnad til å ha same namn som ein film med Bruce Willis i, ein lågbudsjettsfilm, og dette vert lagt merke til. Det vert først lagt merke til på skodespelarfronten, trass i gode biroller av både Michael Rapaport og Zooey Deschanel så er det ingen som slår an. Eit iherdig forsøk på å skapa eit morosamt lite nærmiljø lykkast berre halvveges.

Live Free or Die manglar gnisten som gjer at filmen utmerkar seg. Det visuelle er litt kjedeleg og handlinga manglar originalitet. Dårleg vert det aldri, små gullkorn som at karakteren Lagrand sine spesielle fakter ror det i land til slutt.

Live Free or Die 2006 plakat - Filmdagbok