Livstid

Serie · 2020 · · 26. februar 2021
3/5

Livstid er ein norsk serie på NRK som har hausta litt kritikk. Blant anna frå Subjekt, som eg lenker til under relaterte meldingar nedst på sida. No verkar det som at Subjekt stadig kritiserer, og sjelden framstår som balansert og truverdig i meldingar.

I mine auge er Livstid ein serie som emnar fint å balansere enkeltepisodar med ein raud tråd. Det er i så måte ein interessant etterforskningsserie som kan variere på fokuset sitt. Eit par episodar opnar med historiar som gjer at eg gløymer at det er Livstid eg ser på, før eg blir dratt inn i den større samanhengen. Eit tradisjonelt grep i mange etterforskningsseriar og eit som gjer nytten sin.

Serien har nokre artigheiter å spele på, men tek aldri poenga sine til det ytterste. Og det fungerer. Eg kjenner ikkje noko behov her på å skulle få det servert tydelegare. Humoren er lun, men tek ikkje for meir plass enn nødvendig. Sesongen bygger seg fint og gradvis fram mot ei samling av trådar, utan at det skal vere det viktigaste heller. Enkeltepisodane står ofte fint på eigne bein, og det er underhaldinga i desse som utgjer serien.

Tommel opp frå mi side. Dette er ein serie kor eg har lyst å sjå neste episode med ein gong, og gjer det.

Les også meldingar på subjekt.no (norsk) og andreaasveinsdottir.blogg.no (norsk).
IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
Livstid 2020 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Tone Beate MostraumIselin Shumba SkjæveslandIngar Helge GimleVis alle

Sjangrar

Land