Lo chiamavano Trinità...

Film · 1970 · · 15. juni 2021
3/5

Lo chiamavano Trinità..., også kjent som They Call Me Trinity, er ein spagehettiwestern med Terence Hill frå 1970.

Filmen handlar om ein litt snuskete kledd mann, kanskje ikkje den skarpaste kniven i skuffa, som er veldig rask på avtrekkaren.

Det heile opnar med ein hest som trekk ei båre gjennom ørken, røft terreng og ei elv. På båra ligg Trinity og søv, slik som på plakaten. Først når hesten er framme og svakt vrinskar, så vaknar Trinity. Han er ein mann som ikkje let seg forstyrre av noko.

I eit bedageleg tempo fører historia oss etter kvart til ein liten by. Der dei religiøse bøndene utanfor byen slit med angrep frå meksikanske bandar. Og ein lokal hesteeigar som blir kalla majoren, er med på skape dårleg stemning. Trinity hamnar midt oppi dette, i lag med sheriffen i byen.

Handlinga er presentert på humoristisk og stilig vis. Filmen er etter mitt å dømme bra laga. Gode lokasjonar, gode skodespelarar og god dubbing. Det går ørlite for sakte i blant for min del. Det i lag med at filmen manglar det vesle ekstra for å imponere, gjer at eg vel å ikkje rangere han høgare. Men eg likte han nok til at eg omsider vil sjå oppfølgjaren Continuavano a chiamarlo Trinità.

Les også ei melding på filmfront.no (norsk).
Dette blogginnlegget har blitt nemnt på www.instagram.com. Gå dit for å like eller kommentere det.
IMDb-logo
Filmfront-logo
Lo chiamavano Trinità... 1970 plakat - Filmdagbok