Locke & Key

Serie · 2020 · · 16. februar 2020
3/5

Locke & Key er ein Netflix-serie om magiske nøklar og eventyra til familien Locke som nyleg har flytta til huset kor nøklane er å finne.

Serien er ei samansveisa oppleving som i første sesong strekk seg over ti episodar. Det er litt skummelt, men mest spennande. Aldersgruppa som serien passar for er for både ungdommar og vaksne. Det at serien skal passe unge ungdommar gjer at mykje av spenninga kjem av ting me ikkje ser. Kanskje det er bevisst, eller kanskje det er for å ikkje bli for grafisk. Det fungerer iallfal.

Familien Locke består av ei mor og tre ungar. Faren blei drept for ikkje lenge sidan. For å få ein ny start, flyttar mora dei til eit hus som tilhøyrte familien til faren. Keyhouse er namnet på huset. Etter at dei flyttar dit oppdagar ungane fort magiske nøklar, og at faren deira visste om nøklane.

Dette er god underhaldning og ein god første sesong. Han kan stå godt på eigne bein med ei byrjing, ein midtdel og ein slutt. Der slutten både gir svar, men opnar for ein ny sesong. Korleis det vil gå er eg spent på.

IMDb-logo
Locke & Key 2020 plakat - Filmdagbok