Loco por ella

Film · 2021 · · 18. mai 2021
3/5

Netflix renn det utstoppeleg ut filmar av alle slag. I blant fangar nokon interessa, og Loco por ella var ein av desse.

Spanske seriar har blitt ei greie for meg dei siste åra, og som følger er også terskelen for å sjekke ut spanske filmar som heller mot det humoristiske blitt låg.

Loco por ella handlar om ein fyr som blir forelska i ei ung kvinne. Då han oppdagar at ho har røymt frå eit mentalsjukhus, sjekkar hans seg sjølv inn der.

Filmen er både ei litt fin og rar kjærleikshistorie, ein romantisk komedie på eit vis, og ei historie om å utvide horisonten sin. Stilen alt blir fortalt i er, i mangel på betre ord, veldig filmatisk spansk. Iallfall sånn eg har blitt kjent med spansk formidling på Netflix gjennom La Casa de Papel og ulike samarbeid mellom Gema R. Neira og Ramón Campos.

Dette er ein film som gjer nytten sin godt som underhalding. Og kanskje er han akkurat ulik nok frå andre ting eg har sett, til at eg kan hugse han for ettertida. Men så mykje meir tilfører han ikkje til livet.

IMDb-logo
Loco por ella 2021 plakat - Filmdagbok