Logan's Run

Film · 1976 · · 5. november 2007
3/5

Logan's Run gjer seg bruk av ein statleg soldat i hovudrolla, ein av dei beste. For oss som har sett Equilibrium, Fahrenheit 451 eller andre filmar med dette utgangspunktet skal det lite hjerneknaking til for å skjønne at han før eller seinare vil stille spørsmål ved jobben sin.

I Logan's Run har me hamna i det 23. hundreåret, alle attlevande menneske bur i store kuplar. For å halde på balansen der er den øvre aldersgrensa på å leve 30 år. Implementerte krystallar i hendene på folk blir brukt for å kontrollere dette. Når folk rundar 30 får dei lov til å gå inn i ein karusell, ei stor hending for publikum der gamlingane blir plassert i ein sirkel, sakte løfta mot taket av ein spennande kraft og forsvinn, prosessen blir kalla ei fornying. Ikkje alle vil bli fornya og mange prøver å rømme.

Logan, den femte i rekka, er Sandman og har i jobb å avlive rømlingar, før han får i oppdrag å infiltrere ei organisert gruppe for å få stopp på dette innanfrå. Det kule med denne filmen er at det er brukt skikkeleg mykje arbeid i å få ting til å sjå futuristisk ut, med kostymer, bygningar og køyretøy. Ettersom filmen er laga på 1970-talet inneber det stor bruk av miniatyrmodellar og enkle kulisser når ting når større skala. Eg er fan av slikt, sjølv om det ikkje ser spesielt ekte ut.

Filmen er derimot skuffande langsam og banal, Michael York reddar deler av det med god skodespelarprestasjon, men eg var glad når han var over.

Logan's Run 1976 plakat - Filmdagbok