Lois & Clark: The New Adventures of Superman

Serie
1993–1997
3/5

Det var på 1990-talet, då Lois & Clark: The New Adventures of Superman gjekk på kveldstid på TV 2, at eg først blei kjent med serien.

Namnet på serien viser til rolla forholdet mellom Lois Lane og Clark Kent har. Sjølv med mange utfordringar for Superman åleine, så handlar serien i stor grad om korleis Lois og Clark som personar spelar inn.

Det som er skummelt med seriar eg hugsar frå barndommen, er at det er ein stor sjanse for at eg blir skuffa når eg ser det igjen, fordi eg trur dei er så mykje betre enn dei faktisk er. Lois & Clark: The New Adventures Of Superman var opningsvis ingen unntak frå denne regelen, men etter kvart som eg såg fleire episodar kom eg skikkeleg inn i det, og starta å digge han igjen.

Med tanke på produksjonskvaliteten er spesialeffektane brukt i denne serien på eit dårleg nivå. Heldigvis blir det i Lois & Clark: The New Adventures Of Superman fokusert meir på forholdet mellom desse to karakterane enn på superhelten sjølv. Sidan eg var stor fan av denne serien tidlegare, så hugsar eg nokon av episodane, og det rare er, at trass i vonbrotet når det gjeld spesialeffektar, så er episodane akkurat slik eg hugsar dei.

Noko eg la merke til undervegs er at myta omkring Superman er at han har visse forskjellar med Smallville. No er nok begge seriane tilpassa myta litt sånn som det passar seriane. Og eg trur delen om at Clark Kent møter Lex Luthor etter å ha reist til Metropolis er meir korrekt enn at han reddar han i ei bilulykke som ung. Også delen der han møter Lois Lane i Metropolis i staden for i Smallville. Slik er det iallfall i filmen Superman. Men ein plass stod det heilt stille for meg, kva er korrekt: At Lois sin far er doktor eller general?

Den siste tida har eg sett dei to siste sesongane av Lois & Clark: The New Adventures of Superman. Eg har brukt lengre tid på sesongane enn ved maratonløpet eg køyrte med første sesong i 2005 og andre sesong i 2006. Men ein episode om gangen har vist seg å vere nok. Det er underhaldande nok, men eg blir ikkje hekta. Det er ikkje den sterkaste samanhengen mellom episodane, då det stort sett er enkelt drama som knyt dei i lag.

Eg har alltid vore fan av Superman. Først og fremst historiene rundt, den imponerande styrken hans, og oppfattinga av at alle skal dømmast etter lova, uansett kriminell handling, er grunnar til at eg er fan. Eg har ikkje sans for den altruistiske sida hans. At han ofte ofrar seg, at Superman høyrer til folket, at han er ei gratishjelp. Dette er dårlege sider ved personlegdomen hans. Men så er Superman eit produkt av si tid.

Det er det at serien ikkje når sitt potensiale som ein god raud tråd kunne ha gitt, som er det største minuset med han. At Superman er Superman betyr lite for korleis serien er bygd opp, og kva som blir gjort ut av enkeltepisodar.

Men sjølv om eg har hatt mange gode timar med Lois & Clark: The New Adventures of Superman, så vil eg ikkje anbefale serien til alle. Viss du ikkje har sett han før, og ikkje er hekta på alt med Superman i, vil eg maks anbefale deg å sjå kva dette er.

Lois & Clark: The New Adventures of Superman 1993-1997 plakat - Filmdagbok

Publisert

4. oktober 2013 av

Merkelappar

Superman, DC

Skaparar

Deborah Joy LeVine, Joe Shuster (I), Jerry Siegel (I)

Skodespelarar

Dean Cain (I), Teri Hatcher, Lane Smith, K Callan, Eddie Jones, Justin Whalin, John Shea, Michael Landes (I), Tracy Scoggins, Kenneth KimminsVis alle 692 skodespelarar

Sjangrar

Eventyr, Komedie, Drama, Romantikk, Science fiction

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Lois & Clark: The New Adventures of Superman