Lolita

Film · 1962 · · 4. april 2004
3/5

Stanley Kubrick, regissøren til Lolita, var blant dei første filmskaparane eg fatta interesse for då eg starta å utforske klassiske filmar. Variasjon og etter kvart møte på første hand med kvalitet har gjort at eg har helde fram å sjå filmane hans.

Lolita er ei filmatisering av ei bok av Vladimir Nabokov. Det handlar om ei ung jente som forfører ein vaksen mann, og filmen har blitt eit ikon for alderssprikande forhold.

Filmen er så sprø som handlinga han byggjer på. Det er både underhaldande og litt provoserande. På ein god måte.

Det er så bra at to og ein halv time går fort.

Lolita 1962 plakat - Filmdagbok