Lone Survivor

Film · 2013 · · 31. januar 2014
3/5

Ei gruppe soldatar drar ut i felten for å fange ein Taliban-leiar. Dei hamnar i brutal kamp mot lokale krigarar i ei skogkledd fjellside, og må slåst for livet.

Dette er Lone Survivor i eit nøtteskal, med litt meir innpakning så klart. Men det er i all enkelheit ein enkel film. Mark Wahlberg er frontfigur. Han og dei andre gjer ikkje stort ut av seg som karakterar. Det beste filmen har gåande for seg er nokon vanvittige kampsekvensar. Resten er middels på sitt beste, men først og fremst anonymt.

Mitt beste og einaste minne når eg skriv dette i ettertid er ei blodig nedstigning, kampscene og fall ned ein fjellskrent. Resten av filmen handlar ikkje om stort anna enn å komme seg til dette punktet, og at det utruleg nok er eit liv etter.

Kanskje Lone Survivor er ein grei film for dei som sluker det meste av moderne krigsfilm, men for min del kunne eg ha klart meg utan. Det er det overnemnte minnet som trekk dette opp til eit godkjent nivå for meg.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Lone Survivor 2013 plakat - Filmdagbok

Sjangrar