Lonely Hearts

Film · 2006 · · 4. februar 2007
2/5

John Travolta og James Gandolfini leikar katt og mus med Jared Leto og Salma Hayek.

I ein film som ikkje tar sikte på å skape noko nytt er det politiet si jakt på ein svindlar som er det sentrale. Svindlaren (Jared Leto) opererer via kontaktspalter i magasin og oppsøker rike einslege damer som han gjer seg godt kjent med før han får lurt pengane ut av dei. Så kjem den sprø Martha Beck (Salma Hayek) inn i livet hans, og ting snur mot det verre, og saka hamnar i fanget på detektiv Robinson og detektiv Hildebrandt (John Travolta og James Gandolfini).

Som nemnt, så er dette ganske så rett fram. Utan dei store overraskingane og utan ei krevjande historie, så er han fin å berre slenge seg godt ned i sofaen og sjå.

Handlinga er basert på ei sann historie visst nok, og er såleis realistisk, og finn stad på 1940-talet. Og til 1940-talshandling høyrer det god gammal musikk. Stemningsfull jazz er vel stikkordet her, og gir ei god kjensle i ei elles så kald og brutal amerikansk politisak. Musikken og skodespelarane, som gjer ein grei jobb, hevar filmen til eit godt nivå for min del. Og sidan eg har lite meir å sei om filmen, så gir eg meg her.

Lonely Hearts 2006 plakat - Filmdagbok