Long Shot

Film / 2019
3/5

Ein sint journalist og ein kvinneleg utanriksmininster som er gamle kjente finn tonen i den romantiske komedien Long Shot.

Dei er motsetningar i oppførsel og utsjåande, men har felles interesser. Det som byrjar som ein jobb for han, utviklar seg til å bli ei forhold mellom dei to.

Det er mykje som er fint og artig med Long Shot. Det som hindrar filmen frå å stikke seg ut er at han tyr til barnsleg og rølpete humor og språk for komisk effekt. Dette er unødvendig. Det kunne ha blitt gjort diskret og indirekte, men regissør Jonathan Levine må absolutt banke driten inn.

Sett forbi dei unødvendige detaljane er dei store linjene ei fin historie. Årsakene som fører til slutten er diskutable, men det er også ein detalje. Både Seth Rogen og Charlize Theron spelar gode rollar. Og samspelet mellom Seth Rogen og hans kamera på skjermen, O'Shea Jackson Jr., byr på gode filmstunder og eit par kurante samtalar.

I ei tid då mange komediar har blitt å finne gjennom strøymetenester, eller er fullstendig tullete, så er kinofilmen Long Shot ein uperfekt, men velkommen film.

Long Shot 2019 plakat - Filmdagbok